Google
Skriv ut print

Matlevering

Generelt

Omtale

Eldre og funksjonshemma kan tinga middag (frosen) frå Fjell sjukeheim. Middagen har høg næringsverdi. Maten vert køyrd ut ein gong i veka.

Målgruppe

Heimebuande eldre eller heimebuande funksjonshemma

Kriterium/vilkår

Vanskeleg for å lage seg middag sjølv.

Pris for tenesta

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte servicetorget for å få hjelp til å søkje om matlevering. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som leggjast ved søknaden.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
26.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom