Google
Skriv ut print

Miljøinformasjon

Generelt

Omtale

Du kan krevje å få utlevert den miljøinformasjonen som finst i kommunen. Retten gjeld opplysningar om det ytre miljøet og om tilhøve som påverker eller kan påverke miljøet eller helsa. Det kan vere:

  • tiltak som er i gang 
  •  vedtak og planar
  • analysar av produkt som kommunen har eller brukar og som gjeld helse- og miljøverknader

Målgruppe

Alle som ønskjer å få slik informasjon, både privatpersonar, frivillige organisasjonar og næringsliv.

Kriterium/vilkår

Krav om miljøinformasjon kan fremjast skriftleg eller munnleg. Du må ikkje dokumentere særskilt behov for å ha krav på informasjon. Kravet må vere formulert slik at det er mogleg å identifisere kva kravet gjeld. Omsynet til andre samfunnsinteresser (t.d. forretningsløyndomar) kan føre til at du får avslag. Du har likevel alltid krav på informasjon om helseskadeleg forureining eller forureining som kan gjere alvorleg skade på miljøet, rådgjerder mot slike skadar, og om ulovleg inngrep eller skadar på miljøet.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen kan gje rettleiing om korleis kravet om informasjon skal utformast.

Saksbehandlingstid

Du skal få svar snarast råd og seinast innan 15 verkedagar etter at kravet er mottatt. Dersom dette ikkje er mogleg fordi forholdet er komplisert og/eller informasjonen som det blir spurt etter er for omfattande, skal du innan den samme fristen få melding om når du kan vente svar, og da seinast innan to månader.

Høve til klage

Dersom du får avslag på kravet om informasjon, kan du klage innan tre veker etter at du mottok avslaget. Får du ikkje svar innan to månader, kan du også klage. Er du usikker på kvifor du har fått avslag, kan du krevje ei nærare grunngjeving av dei vurderingane som ligg til grunn for avslaget. Dette må meldast innan tre veker etter at du fekk avslaget. Du skal ha svar innan ti dagar. Dersom du har bede om ei nærare grunngjeving for avslaget, stoppar klagefristen til du har fått den nærare grunngjevinga. Klaga sendar du til det organet som har gjeve avslaget, som vidaresender klaga til næraste overordna organ dersom organet sjølv ikkje tar klaga til følgje. For kommunen sin del er det Fylkesmannen.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
27.04.2009
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom