Omtale
Miljøretta helsevern er med å fremja folkehelse og bidreg til gode miljømessige forhold- og skal sikre befolkninga mot faktorar i miljøet-mellom anna biologiske,kjemiske,fysiske og sosiale-som kan ha negativ innverknad på helsa.
Kommunen skal ha oversikt over positive og negative faktorar i miljøet som kan ha betydning for helsa- til dømes støy,forureining,ulykkesrisiko m.v.
Målgruppe
Omfattar heile befolkningen.
Forskrift om miljøretta helsevern frå 26.4.2003 gjeld for private og offentlege verksemder og eigedomar som kan ha innverknad på helsa. Omfattar ikkje tilhøve i bustader.
Kriterium/vilkår
Alle som bur eller oppheld seg i kommunen kan melde frå til kommunen om tilhøve som kan gje helseulemper.
Pris for tenesta
Tenesta er gratis- men den som til dømes forureinar må dekke utgiftene.