Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen (eller Fylkesmannen) gir informasjon om kva ein har høve til å gjere etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til.
Søknaden må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert, og søknaden må innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.
Søknadsfrist
Søknaden må sendast i god tid.
Høve til klage
Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før kommunen sender klagen dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.