Omtale
Nedgravde oljetankar er ei stadig større kjelde til forureining av grunn og vassdrag og kan vere til skade for både helsa og miljøet. Som grunneigar står du ansvarleg for at oljetank på eigen eigedom alltid er i forsvarleg stand. Seinast éin månad før ein oljetank gravast ned, skal du gje skriftleg melding til kommunen om
- storleiken på tanken
- konstruksjon
- korrosjonsvern
- alder
- karttilvising av kor du ønskjer at tanken skal leggjast ned på eigedommen
Det skal utførast periodisk kontroll av oljetanken, og talet på kontrollar avheng av tanktype. Skriftleg dokumentasjon på at tanken er kontrollert og godkjend skal sendast til kommunen. Tankar som permanent blir teke ut av bruk, skal normalt tømmast, gravast opp og leverast til eit godkjent mottak. Melding om dette skal sendast til kommunen.
Kriterium/vilkår
Oljetanken er nedgravd til under bakkenivå og ligg slik til at ikkje heile tanken kan inspiserast utvendig