Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Søknadsbehandling
Med søknaden skal det følgje ein plan for arbeidet. Planen skal m.a. innehalde opplysningar om tilgjenge, grøfting og framtidig drift av arealet. Den som ikkje sjølv har tilstrekkelege kunnskapar til å utarbeide planen, bør kontakte fagleg kvalifisert hjelp. Kommunen kan rettleie deg.
Kommunen gjer vedtak som førsteinstans. Før vedtak blir gjort, skal kommunen innhente dei uttaler som er nødvendige og elles sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg. Omsynet til natur- og kulturlandskapsverdiar skal vurderast for større område uavhengig av eigedomsgrenser. Regional kulturminnemynde skal ha høve til å uttale seg. Samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg dersom nydyrkinga kan vedkomme deira fagområde. Fylkesmannen skal ha høve til å uttale seg der nydyrkinga kan vedkomme vesentlege miljøverdiar. Det skal setjast ein uttalelsesfrist på minst éin månad.
Høve til klage
Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er fylkeslandbruksstyret. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til fylkeslandbruksstyret.