Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Søknad sendast til kommunen saman med søknad om produksjonstilskott. Søknad kan òg leverast elektronisk til
Statens landbruksforvaltning eller på eige skjema.
Søknadsfrist
Fristen er 20. august for omleggings- og arealtilskott. For husdyrtilskott er fristen 20. januar og 20. august.
Send søknaden til
Fjell kommune
Plan- og utbyggingssjefen
Postboks 42
5342 Straume
Søknadsbehandling
Etter at søknaden er behandla og kontrollert, blir det gjort eit vedtak. Informasjon om vedtaket får du i eit tilskottsbrev.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
Merknader
Søkjaren er forplikta til å gje dei opplysningane som blir kravde og godta dei kontrolltiltaka som blir iverksette.