Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg
Send søknaden til
Fjell kommune, Postbok 184, 5342 Straume
Saksbehandlingstid
Søknaden vert handsama i omsorgsjefen sitt inntaksteam. Inntaksteamet har møte kvar andre veke. Blombakkane bustad har eige inntaksteam.
Søknadsbehandling
Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, vil heimetenesta ta kontakt med deg og gjere avtale om heimebesøk.
Høve til klage
Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne hjelpe deg med å skrive klagen. Klageinstans er den politiske klagenemnda. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre vedtaket.