Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er andre som søkjer for deg.
Søknadsfrist
Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Send søknaden til
Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume
Søknadsbehandling
Før saka vert handsama vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din vil heimetenesta ta kontakt med deg og gjere avtale om heimebesøk.
Høve til klage
Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på fire veker. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne hjelpe deg med å skrive klagen. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom kommunen står fast ved vedtaket, sender dei klagen til Fylkesmannen.