Google
Skriv ut print

Opplæring i norsk og samfunnsfag for nyankomne innvandrarar

Generelt

Omtale

Kommunen skal gi utlendingar opplæring i norsk (250 timar) og samfunnskunnskap (50 timar), til saman 300 timar. Opplæringa i samfunnskunnskap skal gå føre seg på eit språk som deltakaren forstår. Norskundervisninga skal gå føre seg på norsk. Ordninga skal verke med til at utlendingar kan ta del i arbeidslivet. Gjennomført opplæring er ein føresetnad for å få busetjingsløyve (varig opphald) og statsborgarskap.

Det skal lagast ein individuell plan for den som skal vere med. Planen skal ta utgangspunkt i opplæringsbehova til den enkelte. Deltakarar som har rett til gratis opplæring, skal få tilbod om vidare gratis opplæring i norsk (i inntil 2 700 timar) dersom det er behov for det. Kommunen kan krevje at det blir gjennomført testar for å slå fast om det er behov for opplæring ut over 300 timar.

Sjå Fjell vaksenopplæring sine nettsider for meir info: www.fjell.no/skule/straume

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 55 år

  • som har opphalds- eller arbeidsløyve som gir grunnlag for busetjingsløyve. (Dette inkluderer: asylantar, overføringsflyktningar, arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira, personar med opphald på humanitært grunnlag, familiegjenforente til desse og familiegjenforente med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg)

Kriterium/vilkår

Opphalds- eller arbeidsløyve etter utlendingslova som gir grunnlag for busetjingsløyve

Pris for tenesta

Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphalds- eller arbeidsløyve som gir grunnlag for busetjingsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa.Vaksne flyktningar og innvandrarar med opphaldsløyve og grunnlag for permanent busetjing får gratis opplæring. Innvandrarar fra EØS-land må betale for dette tilbodet.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen har plikt til å tilby denne tenesta.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon.

Søknadsfrist

Førespurnader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som mogleg og innan tre månader etter at krav om slik opplæring blir sett fram.

Høve til klage

Du kan klage på vedtak om
  • tildeling av opplæring
  • vesentlege endringar i den individuelle planen
  • at opplæringa blir stansa
  • permisjon
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga går vidare dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom