Matrikkelen er det offisielle registeret over fast eigedom, bygningar og adresser i Noreg.
Før noko kan registrerast i matrikkelen må det som hovudregel gjennomførast ei oppmålingsforretning.
Oppmålingsforretning går ut på å klarleggja og skildra grenser og rettar i tråd med partane sine påstandar og framlagde dokument, og elles bringa fram opplysningar og dokumentasjon som er naudsynte for matrikkelføring og ev. tinglysing.
I forretning som gjeld oppretting av ny matrikkeleining eller arealoverføring, skal dei nye grensene merkjast i marka i samsvar etter kommunalt løyve etter plan- og bygningslova, jf. matrikkellova § 33 (lov om eigedomsregistrering).
Kommunen er oppmålingsmynde og har ansvaret for å gjennomføra oppmålingsforretningane, jf. matrikkellova § 5a.
Partane skal ha minst to vekers varsel før oppmålingsforretninga vert halden. Partane kan godkjenna kortare tidsfrist enn to veker.
Landmålaren som har oppmålingsforretninga, går opp grensene i marka saman med involverte partar. Det skal i etterkant førast protokoll for oppmålingsforretninga og skrivast ut eit matrikkelbrev som inneheld grensepunkta og eit kart.
Desse tiltaka krev oppmålingsforretning før matrikkelføring, jf. § 6 i matrikkellova:
- Ny grunneigedom, ny anleggseigedom, ny festegrunn eller nytt jordsameige.
- Umatrikulert grunneigedom eller umatrikulert festegrunn.
- Registrering av uregistrert jordsameige eller endring i registrert sameigefordeling.
- Opplysningar om arealoverføring, grensejustering og klarleggjing av eksisterande grenser, eller:
- Eigarseksjon som omfattar uteareal eller nytt eller endra uteareal til eksisterande eigarseksjon.
Oppretting og arealoverføring av grunneigedom, festegrunn og anleggseigedom er søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova, jf. pbl. § 20-1 bokstav m:
” Opprettelse av ny grunneiendom, ny anleggseiendom eller nytt jordsameie, eller opprettelse av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde i mer enn 10 år, eller arealoverføring, jf. lov om eigedomsregistrering. Slik tillatelse er ikke nødvendig når tiltak etter første punktum skjer som ledd i jordskifte i samsvar med rettslig bindende plan.”
Grensejustering, grensepåvising, matrikulering av umatrikulert grunn, matrikulering av jordsameige og oppmåling av uteareal for eigarseksjonar er ikkje søknadspliktige etter plan- og bygningslova.
Oppmålingsforretning er ikkje naudsynt for å matrikkelføra samanslåing av grunneigedomar, referanse til avtale om eksisterande grenser, eller fastsetjing av samla fast eigedom, jf. matrikkellova §§ 18 – 20.
Ver merksam på at det var først i 1980 at kommunen overtok ansvaret for oppmåling, merking, kartfesting og registrering av eigedomar. Dette inneber at alle eigedomar som blei etablert etter 1980 har utarbeidd målebrev (frå 1980) eller matrikkelbrev (frå 2010). Eigedomar etablert før 1980 er hovudsakleg oppretta etter skylddelingsforretning/skyldskifte. Desse eigedomane har ikkje kartfesta eller oppmålte grenser, dersom det ikkje er halde ny oppmålingsforretning.
Dersom partane ikkje vert samde om grensa under oppmålingsforretninga, så kan ein av partane bringa saka vidare til anten jordskifteretten eller tingretten (www.domstol.no).