Høve til klage
Dei mest alvorlege refsingstiltaka, det vil seie vedtak om bortvising for éin dag eller meir, kan påklagast. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga sendast til rektor. Klagefristen er tre veker etter at melding om vedtaket er mottatt. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal rektor vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.