Google
Skriv ut print

PP-tenesta

Generelt

Omtale

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogiske tiltak for born i førskolealder, elevar i grunnskolen og i vaksenopplæring på grunnskolen sitt område. Det er eigen PPT for elevar i vidaregående opplæring.

Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle.

PPT skal også hjelpe skulane med organisasjonsutvikling og kompetanseutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov.

Målgruppe

Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Kriterium/vilkår

Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skole. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skolen.

Søknadsfrist

Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandlingstid

Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Merknader

Når born i grunnskolen får spesialpedagogisk hjelp / spesialundervisning utanfor bustadkommunen etter avtale, og når born blir plasserte av barnevernstenesta utanfor bustadkommunen, vil PPT i vertskommunen ha ansvaret for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering. Sjå forskrift til opplæringslova § 18-1.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
18.01.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom