Google
Skriv ut print

PP-tenesta: Prosjekt samarbeid mellom skulane og PPT

Generelt

Omtale

Ein ser i mange samanhengar at det vil vere teneleg å lyfte problem opp eit nivå frå dagleg skildring/frustrasjon til strukturert og målretta prosjektarbeid. Dette kan gjelde organisering, struktur, kultur, dynamikk og andre tilhøve.

PPT har som ei av sine oppgåver å hjelpe skulane med organisasjonsutvikling og kompetanseutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Fjell PPT ønskjer å ivareta denne oppgåva ved å samarbeide med skulane om konkrete prosjekt. Det vil vere aktuelt at to frå PPT samarbeider i slikt arbeid.

Skulane i Fjell (både kommunale og private) kan på denne måten be om hjelp utan å tilvise einskildelev(ar). Barnehagane kan be om tilsvarande hjelp av Rettleiarteamet.

Kva må skulen gjere?
Skulen må setje av tid til prosjektarbeidet og personar som er aktuelle må ha høve til å delta tilstrekkeleg. Leiinga ved skulen / rektor må stå bak prosjektet. Målet er kompetanseheving i skulen og av den grunn vil det vere avgjerande at personell frå skulen investerar i dette og at skulen på den måten sit igjen med kunnskapar og erfaringar etter avslutta prosjektperiode.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Før PPT kan gå inn i eit prosjekt må skulen drøfte bestillinga med sin kontaktperson frå PPT og fylle ut eit bestillingsskjema. Kontaktpersonen frå PPT vil ta med prosjektbestillinga tilbake til PPT som vil vurdere bestillinga.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
06.08.2009
Sist oppdatert:
19.08.2009
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom