Dei fleste tilvisingar til PPT kjem frå skule eller barnehage.
Førskulebarn
Dei fleste førskulebarn over 1 år går i dag i barnehage. Når foreldre blir bekymra for eit barn vil det difor vere naturleg å drøfte bekymringa med barnehagen, særleg når bekymringa er knytt til utviklinga til barnet, til dømes språkleg eller sosialt.
Om barnet ikkje går i barnehage, kan det vere naturleg å drøfte bekymring med helsesøster eller helsestasjonslege/fastlege. Både helsesøster og lege kan hjelpe med tilvising til PPT. Helsesøster/lege kan også hjelpe med tilvising om barnet går i barnehage, men dei har oftast observert barnet lite og vi ønskjer difor at personalet i barnehagen gjer ei vurdering av barnet på dei områda der foreldra er bekymra og er med på ei tilvising saman med foreldre og eventuelt helsesøster/lege.
Vi viser til saksgang for barnehagane som seier korleis personalet skal gå fram når dei er bekymra for eit barn.
Det er også mogleg for foreldre/føresette å samarbeide med andre om tilvising til PPT. Foreldre/føresette kan også ta direkte kontakt med PPT om dei er bekymra for eit barn og lurer på om dei bør tilvise til PPT. Ein kan drøfte dette via telefon eller ved samtale på vårt kontor, men ein må avtale tid på førehand. Sjå nedanfor for informasjon om utfylling av tilvisingsskjema.
Tilvisningsskjema (andre)
Skuleelevar
Når foreldre blir bekymra for eit barn vil det difor vere naturleg å drøfte bekymringa med kontaktlærar eller andre på skulen, særleg når bekymringa er knytt til utviklinga til barnet, til dømes fagleg eller sosialt.
Både helsesøster og lege kan hjelpe med tilvising til PPT, men dei har oftast observert barnet lite og vi ønskjer difor at personalet i skulen gjer ei vurdering av barnet på dei områda der foreldra er bekymra og er med på ei tilvising saman med foreldre og eventuelt helsesøster/lege.
Vi viser til saksgang for skulane som seier korleis personalet skal gå fram når dei er bekymra for eit barn.
Det er også mogleg for foreldre/føresette å samarbeide med andre om tilvising til PPT. Foreldre/føresette kan også ta direkte kontakt med PPT om dei er bekymra for eit barn og lurer på om dei bør tilvise til PPT. Ein kan drøfte dette via telefon eller ved samtale på vårt kontor, men ein må avtale tid på førehand. Sjå nedanfor for informasjon om utfylling av tilvisingsskjema.
Tilvisningsskjema (andre)
Elevar i vidaregåande opplæring
Det er ikkje den kommunale PP-tenesta som har ansvar for elevar i vidaregåande opplæring. Hordaland fylkeskommune har eigen PPT/OT for elevar og lærlingar i videregåande opplæring og for elevar som får opplæring i statlig institusjon.
Du finn oversikt over PPT/OT for Hordaland her.
Vaksne
Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.
Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.
Sjå meir om dette under Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet, eller på Fjell vaksenopplæring sine nettsider: www.fjell.no/skule/straume/.
For å få rett til spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet må det normalt liggje føre ei sakkunnig vurdering frå PPT. Den vaksne eller familien til den vaksne med slikt behov kan ta kontakt med Fjell vaksenopplæring eller ta kontakt med PPT direkte. Ein kan ta kontakt via telefon eller fylle ut tilvisingsskjema.
Tilvisningsskjema(vaksne)
Informasjon til foreldre/føresette ved utfylling av tilvisingsskjema
Tilvisingsskjemaet skal gje oss eit grunnlag for å vurdere ei sak før inntak.
Skjemaet bør derfor innehalde mest mogleg informasjon om barnet generelt, og vanskane spesielt. Dette er viktig for at PPT skal kunne prioritere rett, når det gjeld ventetid, kva for fagperson som skal ta til med saka, og kor mykje tid vi må setje av til arbeidet.
Det er ikkje mogleg å kome med ei uttømmande beskriving av barnet på tilvisingsskjemaet, men det som blir skrive vil gje grunnlag for meir utdjuping når vi tek til med saka.
Når ein skal beskrive barnet kan dette gjerast ved at ein samanliknar barnet med jamnaldrande, eldre søsken, eller i høve til:
- ulike situasjonar (t.d. at barnet har lettare for å konsentrere seg om innhaldet i ei bok når han/ho er aleine enn når det er fleire born som lyttar saman)
- ulike stader (han/ho er grei i barnehagen, men ”vanskeleg” heime)
- ulike tider/alderssteg (sa dei første orda til vanleg tid, men var sein med å snakke i setningar)
- ulike menneske (er roleg når han/ho er heime, men blir veldig aktiv når han/ho er saman med bestemor)
Det er nyttig for oss å kjenne til viktige hendingar i barnet si historie, noko vi kan gå nærare inn på ved ei inntakssamtale eller seinare samtaler. I tillegg til det vi spør etter i tilvisingsskjemaet , kan vi ynskje meir utførleg informasjon om svangerskap, fødsel og spedbarnstid.I kvart enkelt tilfelle vil PPT gjere ei uavhengig, fagleg vurdering som vil danne grunnlag for vårt arbeid med saka.