Google
Skriv ut print

Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Generelt

Omtale

Parkeringsløyve blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for parkeringslette knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet. Ein får til vanleg løyve for 2-5 år.

Parkeringsløyve gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du behøver å følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om anna). 

Målgruppe

Pesonar som har vanskar med å forflytte seg, og som samstundes har eit parkeringsbehov med ein viss hyppighet på offentleg skilta parkeringsplass.

Kriterium/vilkår

§ 1 Vilkår for parkering:
”Parkeringstillatelse for forflytningshemmede gir, i samband med transport av den som har fått tillatelsen, adgang til å parkere kjøretøy i hele landet:

a) på reserverte parkeringsplasser for bevegelseshemmede angitt ved offentlige trafikkskilt.
b) på parkeringsplasser som er avgiftsbelagte etter forskrift av 1. oktober 1993 nr. 921 om offentlig parkeringsregulering og parkeringsgebyr, utan at avgift betales og utover fastsatt lengste parkeringstid.
c) utover lengste tillatte parkeringstid hvor slik tid er fastsatt ved offentlig trafikkskilt. Dette gjelder likevel ikkje dersom det også for bevegelseshemmede er fastsatt lengste tillatte parkeringstid.
d) på steder der det er innført boligsoneparkering.”

§ 2 Vilkår for parkeringstillatelse
"Bostedskommunen gir etter søknad parkeringstillatelse for forflytningshemmet til:

a) fører av motorvogn som har særlig behov for parkeringslettelser i samband med bosted, arbeid og/eller annen aktivitet fordi vedkommende ikke kan gå eller har store vansker med å bevege seg over noen lengde.
b) passasjer som har særlig behov for parkerigslettelser i samband med bosted, arbeid og/eller annen aktivitet fordi vedkommende ikke kan gå eller har store vansker med å bevege sesg over noen lengde."


 

Pris for tenesta

Tenesta er gratis

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om parkeringsløyve.

Vedlegg

Du kan legge ved skriv med utfyllande opplysningar dersom det ikkje er nok plass i skjemaet.

Søknadsfrist

Søknader vert handsama etterkvart som dei kjem inn.

Send søknaden til

Fjell kommune, Omsorgssjefen, postboks 184, 5342 Straume

Saksbehandlingstid

Før saka vert avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Vi tek kontakt dersom vi treng fleire opplysningar. Deretter vil det bli gjort vedtak. I vedtaket vil det gå fram om du har fått tildelt parkeringsløyve eller ikkje. Ved tildelt teneste vil det gå fram kor lenge løyvet gjeld. 
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan ein månad, skal du ha skrifteleg svar om årsaka, og opplysning om når du kan venta at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til klage

Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket.
Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket.
I klagen skal du oppgje kva du er usamd i, og nemna kva endringar du ønskjer.
Kommunen gir deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som har gjort vedtaket, vurdere om det er grunn til endringar. Dersom vedtaket blir oppretthalde, vil saka bli sendt til klagenemnda.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
09.02.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom