Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om permisjon.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysning om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Høve til klage
Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som gjorde vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.