Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen avgjer søknader om produksjonstilskot. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tilskotet.
Søknadsfrist
Gjeldande søknadsfrister er 20. august og/eller 20. januar, avhengig av kva for produksjonar det blir søkt om tilskot til.
Send søknaden til
Kommunen avgjer søknader om produksjonstilskot.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. Dette gjeld sjølv om du har mottatt melding om vedtaket frå Statens landbruksforvaltning. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til Fylkesmannen.