Omtale
Som eit ledd i informasjonsstrategien til forvaltninga blir Internett i aukande grad nytta til å publisere saksdokument. Som innbyggjar og brukar av offentlege tenester kan du lese sakslista for eit politisk utval, søknader, avslag og andre sakspapir frå ein PC der du måtte ønskje. Ein kan ikkje publisere dokument som er unnateke offentleggjering, eller som inneheld "følsame" personopplysningar eller fødselsnummer.
Målgruppe
Innbyggjarar og brukarar av offentlege tenester
Kriterium/vilkår
Det er høve til å publisere:
- Offentlege journalar (med opplysningar om kven som har kome med ein førespurdnad om ei bestemt sak)
- Dokument som ikkje er unnateke offentleggjering og der omsynet til personvern ikkje talar mot publisering
Dokument til og frå offentlege etatar, næringsdrivande o.a. inneheld sjeldan personopplysningar som skulle føre til at ein ikkje kan publisere desse på Internett. Når det gjeld dokument som inneheld opplysningar om meir private forhold, er det personopplysningslova som set grensene for kva kommunen kan publisere.
Sensitive personopplysningar (som etnisk bakgrunn, politisk eller religiøs oppfatning og helseforhold) er ofte omfatta av teieplikta, og ein vil derfor ikkje kunne publisere slike utan samtykke. Det same gjeld andre personopplysningar som ikkje er underlagt teieplikt, men der den det gjeld, vil kunne kjenne det tyngjande dersom dei blir offentleg kjende. Dette kan for eksempel gjelde opplysningar om utdanning og yrkeserfaring. Ein kan ikkje publisere fødselsnummer på Internett.
Kommunen må gjere ei konkret vurdering der ein set omsynet til offentleggjering opp mot personvernet før ein publiserer dokumenta.
Fjell kommune har i Kommunestyrevedtak 26.10.2006 vedteke at kommunen vil leggje ut alle dokumenttypar som fulltekstdokument på nett.