Omtale
Radon er ein radioaktiv edelgass som finst naturleg i omgjevnadene våre. Den vert danna ved naturleg nedbryting av radium, som finst i så og seia all jord og berggrunn.
Radon har liten evne til å binde seg til materialer og kan difor lett komme ut i lufta vi pustar. Radongass er usynleg og luktfri. Det vil difor ikkje vere mogeleg å fastslå radon og radonkonsentrasjonen i ein bustad utan at det er gjort måling.
Radonkonsentrasjon vert angitt i Bq/m³, dvs. becquerel radon pr. kubikkmeter inneluft. Under 100 Bq/m³ vert rekna som ein normal radonkonsentrasjon, medan 1000 Bq/m³ vert rekna som ein høg radonkonsentrasjon. For vatn vert radonkonsentrasjonen angitt i Bq/l, dvs. becquerel pr. liter.
Kartlegging av radon i Fjell
Det vart i 1998 gjort ei omfattande kartlegging av radongass i inneluft i bustadhus i Fjell kommune. Om lag 10% av bustadmassen deltok i kartlegginga. Kartleggingsprosjektet viste at 2.2% av dei målte bustadene i Fjell låg over tiltaksgrensa på 100 Bq/m³.
Dei fleste målingane som ligg over tiltaksnivået (100 Bq/m³) er gjort i område der berggrunnen består av granittisk gneis som vanlegvis gjev frå seg større mengder radongass enn andre bergartar i området. Granittisk gneis finn vi m.a. i delar av områda Haganes, Liaskjeret, Li, Søndre Ekrhovda, Bjorøyna, Kallestad og delar av Åse.
Radon i vatn frå bora brønnar
Hushaldningsvatn frå private, bora brønnar, spesielt i område med store førekomstar av granittiske bergartar kan ha høg konsentrasjon av radon. Ved dusjing, bruk av vaskemaskin/oppvaskemaskin vert denne radongassen spreidd i innelufta. For radon i vatn er tiltaksgrensa sett til 500 Bq/l.