Omtale
Ein reguleringsplan (detaljplan) blir laga for å vise utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområde, utbygde område og det ytre miljøet i kommunen. Reguleringsplanen kan omfatte eitt eller fleire føremål, t.d. byggjeområde, landbruksområde, offentlege trafikkområde, friområde osb. Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttale seg når planen blir laga, og kan klage på kommunen sitt vedtak av planen. Kommunen skal difor
- offentleg informere om at det skal utarbeidast ein plan, og om korleis medverknaden ev. skal vere
- leggje planen ut til offentleg ettersyn
- i begge tilfella informere grunneigarar og rettshavarar skriftleg dersom det er mogleg
Ved regulering og omregulering av område som er utbygde frå før, skal kommunen leggje til rette for aktiv medverknad frå involverte enkeltpersonar og grupper.
Målgruppe
Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre involverte
Kriterium/vilkår
Reguleringsplanar blir utarbeidde mellom anna for område i kommunen
- når kommunen har vedtatt det i arealdelen i kommuneplanen
- når det er nødvendig for oversiktsplanlegginga i kommunen
- dersom det skjer endringar i bygningsmassen pga. øydeleggingar (t.d. brann)
For større byggje- og anleggsarbeid er det ei plikt å utarbeide reguleringsplan for området. Overordna planar på nasjonalt nivå, fylkesplan og kommunen sin eigen arealplan er retningsgivande for planane.
Samarbeidspartnere
Offentlege styresmakter og organisasjonar med særleg interesse for reguleringsplanen blir trekte inn i førebuingane. Nabokommunar, fylkeskommunar og statlege fagorgan skal uttale seg (med ein gitt frist) om planen før vedtak i kommunestyret, og kan fremje innvendingar mot planen.