Google
Skriv ut print

Rekneskapskontroll og rettleiing

Generelt

Omtale

Skatteoppkrevjaren har som mål å gje best mogleg informasjon og rettleiing innafor områda løn og andre oppgåvepliktige ytingar, samt skattetrekk og arbeidsgjevar- avgift. Det er òg sett krav til skatteoppkrevjaren å halda kontroll med at oppgåvepliktige ytingar vert handsama i lønsrekneskapen og lønsmeld over løns- og trekkoppgåvene.

Kommunen har plikt til å sørgja for denne tenesta.

Målgruppe

  • Arbeidsgjevarar (oppdragsgjevarar)
  • Private arbeidsgjevarar (arbeid i heimen)
  • Ideelle organisasjonar
  • Nyetablerte verksemder

 

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

Arbeidsgjevarkontroll

Skatteoppkrevjaren har plikt til halda ettersyn i rekneskapen hos alle som har eit arbeidsgjevaransvar i kommunen (oppdragsgjevarar). Ettersynet er meint å vera ein kontroll på at oppgåvepliktige ytingar vert handsama i samsvar med regelverket. Samstundes skal kontrollen gje grunnlag for god informasjon til arbeidsgjevar.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ved å ta kontakt med skatteoppkrevjaren, får du informasjon og rettleiing innafor områda som nemnd over.

 




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom