Google
Skriv ut print

Rettleiing for kommunale og private barnehagar

Generelt

Omtale

Fjell kommune vil gje barn og unge gode oppvekstvilkår. Eit av satsingsområda i kommunen er psykisk helse, m.a. gjennom tidleg intervensjon. Som ein del av dette vart det i 2007 oppretta eit rettleiarteam for barnehagane. Rettleiarteamet består av fem stillingar med ulik fagkompetanse og er organisert under barnehagesjefen. I tillegg er helsesyster for barnehagar knytt til teamet.

Rettleiarteamet har som mål å utvikle kunnskap om relasjonar mellom menneske. Rettleiarteamet vil at barnehagepersonalet skal føle auka meistring i det daglege arbeidet og utvikle kompetansen sin.

Rettleiaren kan delta i faglege refleksjonar og kan bidra til å skape felles fokus i personalgruppa. Rettleiaren gir rettleiing til personalet på konkrete problemstillingar, samstundes som rettleiaren kan vere observatør i miljøet. Som ein del av arbeidet i ein barnehage kan det og vere aktuelt å delta, saman med personalet, i samarbeidsmøte med foreldre.

Rettleiaren har teieplikt.

Målgruppe

Alle barnehagar i Fjell kommune, både private og kommunale.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Barnehagane bestiller hjelp via skjema, sjå menyen til høgre.

Søknadsfrist

Søknadene blir behandla kontinuerleg, inntak ein gong i veka.

Send søknaden til

Fjell kommune, Rettleiarteamet, Postboks 184, 5342 Straume.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
07.09.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom