Google
Skriv ut print

Sjukeheim - avlastingsopphald

Generelt

Omtale

Dette er ei tidsavgrensa avlasting for personer som har omsorgsoppgåver i heimen. Personen som til vanleg mottek hjelpa heime, får eit tidsavgrensa opphald i institusjon. Fjell kommune kan tilby avlastingsplassar ved Fjell sjukeheim for personar som har omsorgsoppgåver i heimen.

Fjell sjukeheim har 52 plassar. 10 av plassane er tilrettelagde for menneske med demenssjukdom. Som hovudregel får søkjar tilbod om einerom, men stundom vert det gjeve tilbod om opphald i dobbeltrom.

Kriterium/vilkår

Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen.

Kriteria som vert lagt til grunn for tildeling av avlastningsplass er personar som har behov for ekstra omsorg og hjelp i ein kortare periode, som avlasting for familien eller den som har den daglege omsorga.

Pris for tenesta

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. Helse- og omsorgstjenestloven §§ 3-1, 3-2.6d.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlastingsopphald. Du kan få hjelp til å fylle ut skjemaet ved å vende deg til kommunen. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om avlastingsopphald. Servicetorget i Fjell Rådhus kan hjelpa til med utfylling av søknad.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla fortløpande.

Send søknaden til

Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume

Saksbehandlingstid

Søknaden vert behandla i Omsorgssjefen si vedtaksnemnd. Vedtaksnemnda har møte annankvar veke.

Søknadsbehandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.Før saka kan bli avgjort, vil heimetenesta kartleggja ønska og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, vil heimetenesta ta kontakt med deg og gjere avtale om heimebesøk.

Høve til klage

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Hvis vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
06.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom