Google
Skriv ut print

Sjukeheim - langtidsopphald

Generelt

Omtale

Fjell sjukeheim har 45 plassar. Ti av plassane er tilrettelagt for demente.

Målgruppe

Søkjaren må ha behov for heildøgns pleie og omsorg.

Kriterium/vilkår

Vilkår som vert lagt til grunn er: langtkomen aldersdemens, varig sjukdom og lyte som er uforeineleg med å bu heime, særs vanskeleg heimesituasjon.

Pris for tenesta

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 1-1; 3-1; 3-2. 6c.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan ta kontakt med Servicetorget i Fjell Rådhus for å få hjelp til å fylle ut søknadsskjema.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Send søknaden til

Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.Søknaden vert behandla i omsorgssjefen sitt inntaksteam. Inntaksteamet har møte annankvar veke.

Søknadsbehandling

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, vil heimetenesta ta kontakt med deg og gjera avtale om heimebesøk.

Høve til klage

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig helse- og omsorgsteneste frå kommunen, kan du etter pasient- og brukerrettighetsloven klage over dette til kommunen og deretter til Fylkesmannen. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Send klagen til den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Fylkesmannen.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukerrettighetsloven også klage til Fylkesmannen på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
06.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom