Google
Skriv ut print

Skilt og reklameinnretningar

Generelt

Omtale

Dersom du ønskjer å setje opp skilt eller reklameinnretningar, treng du normalt ikkje å sende inn melding/søknad til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Målgruppe

Alle som ønskjer å setje opp eit skilt eller ei reklameinnretning

Kriterium/vilkår

Generelle vilkår:
  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
  • Tiltaket er ikkje i strid med kommunale bygningsvedtekter

Særskilde vilkår:

  • Skiltet (inntil 3,0 m2) eller innretninga (inntil 1,0 m2) må vere montert flatt på vegg
  • Skiltet må ikkje ha lys
       
    Ved plassering av skilt og reklameinnretningar må du ta særleg omsyn til krava om estetikk.
  • Lover og retningslinjer

    Gjeldande lov - og regelverk

    Plan- og bygningslova §§ 93 og 74 nr. 2 Kommunale bygningsvedtekter

    Om søknadsprosessen

    Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

    Du treng ikkje sende søknad eller melding til kommunen dersom tiltaket er i samsvar med vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

    Høve til klage

    Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikke påklagast av naboar og andre involverte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

    Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Vedtaket frå denne behandlinga kan påklagast av partane, deg eller naboane. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.




    intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

    Publisert:
    11.09.2008
    Sist oppdatert:
    20.01.2009
    Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

    Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom