Google
Skriv ut print

Skjenkjeløyve - ambulerande/for eit bestemt høve

Generelt

Omtale

Tildeling av skjenkjeløyve som gjeld anten:

  • ambulerande skjenkjeløyve eller
  • skjenking for eit enkelt, bestemt høve / ein bestemt del av året

 

Ambulerande skjenkjeløyve er ikkje knytta til ein bestemt person eller skjenkjestad og gjeld skjenking i slutta selskap. Løyve for eit enkelt, bestemt høve/ein bestemt del av året gjeld for opne arrangement som til dømes festivalar og dansetilstellingar. Det er normalt ikkje krav om løyve ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så sant det ikkje blir tatt betaling for drikke.

Løyvet kan gjelde:

  • alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk
  • all alkoholhaldig drikk (gjeld berre for ambulerande skjenkeløyve)

Særskilte rutiner for saksbehandlingstid i juli/august.

Målgruppe

Skjenkjeløyve kan søkjast av personar som ønskjer å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve eller del av året.

Kriterium/vilkår

All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkjestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om stått kunnskapsprøve.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Alkohollova § 1-6 andre leddet (enkeltståande høve) Alkohollova § 4-5 (ambulerande)

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om skjenkjeløyve.

Vedlegg

Legitimasjon

Søknadsfrist

Du må søkje i god tid før arrangementet skal vere. For arrangement i juli eller tidleg i august må søknad sendast inn i juni.

Saksbehandlingstid

Behandlingstida er minst 8 dagar. I juli/august må det påreknast 2 - 4 vekers saksbehandlingstid. Ta kontakt med kommunen på telefon 55 09 60 00 dersom det gjeld arrangement med kort frist.

Søknadsbehandling

Søkjer du om skjenkjeløyve for eit enkelt, bestemt høve/bestemt del av året, blir det innhenta fråsegn frå politiet og sosialtenesta. Du får skriftleg melding om vedtaket.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Merknader

Det er viktig at søknaden inneheld opplysningar om kva slags arrangement det er tale om, kven som er arrangør, kor og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar. Ansvarshavande er ansvarleg for å gjere seg kjent med føresegnene i alkohollova og lokale retningsliner.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
08.12.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom