Google
Skriv ut print

Skjenkjeløyve alkohol

Generelt

Omtale

Tildeling av skjenkjeløyve for alkoholhaldig drikk blir gjeve for maksimum fire år om gongen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel fortsetje på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det søkjast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol. Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholholdig drikk

Målgruppe

Skjenkjeløyve kan søkjast av personar eller verksemder som ønskjer å drive sal av alkoholhaldig drikk for drikking på staden.

Kriterium/vilkår

Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikk, må ha skjenkjeløyve. Løyvet kan ikkje gjevast ålene, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Det blir kravd god vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar med avløysar knytt til serveringsstaden. Styrar og avløysar må begge ha stått i kunnskapsprøven om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda og dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova og serveringslova). Løyve blir tildelt etter skjønn.

Samarbeidspartnere

  • Vaktselskap/kontrollørar som har avtale om å utføre skjenkjekontroll
  • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
  • Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren held seg til skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om skjenkjeløyve. Du må setje deg inn i regelverket før du får løyve.

Vedlegg

  • Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
  • Dokumentasjon på stått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Dokumentasjon på stått etablerarprøve
  • Dokumentasjon på styraren / avløysaren si tilknytting til verksemda
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell firmaattest

Saksbehandlingstid

Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag tre månader.

Søknadsbehandling

Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Du får skriftleg melding om vedtaket. Kopi av vedtaket blir sendt mellom anna til politiet.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Merknader

Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring sendast til kommunen, som gjer eit nytt vedtak.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom