Google
Skriv ut print

Skogavgift - krav om utbetaling

Generelt

Omtale

Skogeigaren har plikt til å setje av middel til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at skogeigaren sjølv kan bruke dei midlane som er avsette til seinare investeringar på eigen eigedom. Ordninga er oppretta for å sikre finansiering av berekraftig forvaltning av skogsressursane. Skogeigaren kan få pengane utbetalt når det er gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling kan ein oppnå delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling til dekking av meirverdiavgift. Skogfondsmiddel kan brukast til

  • all skogkultur (planting, suppleringsplanting, markbrøyting, såing, ungskogpleie, sprøyting, kunstig kvisting, førehandsrydding, grøfterensk, suppleringsgrøfting og gjødsling)
  • underskott ved tynningsdrift
  • etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • vegvedlikehald av skogsbilvegar
  • meirverdiavgift
  • skogbruksplan
  • skogforsikring
  • grensearbeid i utmark
  • kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osb.)
  • miljøtiltak
  • bioenergitiltak

Målgruppe

Skogeigarar

Kriterium/vilkår

For at skogfondsmiddel skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Dei investeringane og tiltaka som skogfondet skal brukast til, må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege, og må ikkje vere i strid med føremål og føresegner i skogbrukslova eller med føresegner i forskrifter.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Krav om utbetaling av skogfondsmiddel, under dette utbetaling for eige arbeid, skjer ved å sende refusjonskrav til kommunen.

Vedlegg

Kvitteringar og fakturaer for å sannkjenne utgifter som du ønskjer å få dekt.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn, men spesifiserte krav om utbetaling av skogfondsmiddel skal sendast til kommunen seinast ett år frå utgangen av det kalenderåret investeringa blei gjennomført.

Send søknaden til

Kommunen

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom