Google
Skriv ut print

Skulehelseteneste

Generelt

Omtale

Skulehelsetenesta skal vera elevane si bedriftshelseteneste og vere eit heilskapleg tilbod som ivaretek den fysiske og psykiske helse hjå barn og unge og deira familiar. I skulehelsetenesta kan ein møte både helsesøster og skulelege.

Born og unge 6 -20 år har rett på skulehelseteneste der dei går på skulen , enten offentleg eller privat skule i kommunen.

Den omfattar helseundersøkingar, vaksinering, oppsøkjande verksemd, helseopplysning og rettleiing. Helsesøster og skulelege kan bidra med undervisning, gje råd til skulen om arbeidsmiljø for elevane, samt leggja forhold til rette for funksjonshemma elevar.

Skulehelsetenesta kan delta i ansvarsgrupper og andre tverrfaglege møter. Den kan også sørgje for tilvising vidare til m.a. fastlege, PP-tenesta, ergoterapeut, fysioterapeut, spesialisthelsetenesta og tannhelsetenesta, NAV kommunale tenester(sosialtenesta), psykisk helsevern og barnevern. Vi kan og hjelpe med å kontakte familievernkontoret.

 

Målgruppe

Skuleelevar frå 6 - 20 år

Kriterium/vilkår

Du er skuleelev og under 20 år.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Dette er ei lovpålagd teneste som skal arbeide for å fremje eleven si totale helse og førebyggje sjukdom, skade eller lyte.

Skulehelsetenesta skal samarbeide med heim, skule og dei andre hjelpetenester i samfunnet for å identifisere og løyse dei helsemessige problema som særleg er knytt til skuleelevar sin situasjon.

Om søknadsprosessen

Høve til klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

 

 

 

 

 

 

 

 

 




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
22.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom