Google
Skriv ut print

Skuleskyss

Generelt

Omtale

Elevar som bur over ein viss avstand frå skolen, og elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, har rett til skyss. Retten til skoleskyss gjeld ikkje til/frå skolefritidsordning (SFO).

Målgruppe

  • Elevar i grunnskole, vidaregåande skole og friskole
  • Elevar med funksjonshemming og elevar som er mellombels skada eller sjuke

Kriterium/vilkår

Avstanden mellom skule og heim må overstige

  • 2 km for 1. klasse i grunnskolen
  • 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskolen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Elevar i grunnskulen som har spesielt farleg eller vanskeleg skoleveg, har rett til fri skoleskyss uavhengig av avstanden mellom skole og heim. Dette gjeld også funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skada eller sjuke.

Retten til skyss for elevar i friskolar gjeld berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der eleven bur.

Pris for tenesta

Skoleskyss er gratis.Elevar i 2-4 klasse med 2-4 km skoleveg har i Fjell kommune rett til busskort til halv pris.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Fylkeskommunen/kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. opplæringslova §§ 7-1, 7-2, 7-3 og 13-4. Sjå kapittel 10 i forskrift til opplæringslova.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om skuleskyss.

Send søknaden til

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for og som avgjer om ein elev har rett til skyss og korleis ein eventuell rett skal oppfyllast. Kommunen skal sørgje for skyss til grunnskuleelevar som har ein spesielt farleg veg.

Saksbehandlingstid

Fylkeskommunen/kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til klage

Får du avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule). Før klaga blir sendt klageinstansen, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, går saka vidare til klageinstansen.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
30.11.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom