Google
Skriv ut print

Skuletilhøyr

Generelt

Omtale

Elevar i grunnskolen har rett til å gå på den skolen som dei høyrer til. Skolen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er opplæringspliktig. I brevet blir det opplyst om kor ein skal møte og til kva tidspunkt, og informert om kva rettar opplæringslova gir i denne samanhengen. Etter søknad kan eleven takast inn ved ein annan skole enn han/ho høyrer til. Det er opp til kommunen å avgjere om elevar skal få innvilga søknad om skolebytte.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen

Kriterium/vilkår

Kva skole eleven høyrer til, blir avgjort etter ei konkret vurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men ho skal også ta omsyn til andre relevante forhold, for eksempel om sysken er plasserte på den same skolen, kapasiteten på skolane og om skolevegen er farleg.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunal forskrift om skoletilhøyr (berre dersom kommunen har vedteke slik forskrift)

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen (eller rektor dersom retten til å gjere vedtak er delegert) gjer vedtak om kva skole eleven høyrer til. Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om at barnet ditt blir tatt opp i ein annan skole enn den barnet høyrer til. Merk at retten til gratis skoleskyss fell bort der det er foreldra som vel å flytta barna til ein annan skolekrins enn den ein soknar til.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til klage

Du kan klage både på vedtak om kva skole eleven høyrer til, og på vedtak om skolebytte til annan skole. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, går saka vidare til Fylkesmannen.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
25.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom