Google
Skriv ut print

Skulefritidsordning (SFO)

Generelt

Omtale

Informasjon om skulefritidsordninga (SFO) i Fjell kommune:

Skolefritidsordninga er eit tilbod før og etter skoletid til barn frå 1. til 4. klasse. Barn med spesielle behov frå 5. til 7. klasse og på ungdomstrinnet kan også søke om plass.

Tilbodet er frivillig og finansiert gjennom foreldrebetaling.

Samarbeidsutvalet ved skulen er styre for dei kommunale skulefritidsordningane.

Opningstid

Maksimal opningstid er før og etter skuletid frå 07.00 – 16.30

Opningstida i den einskilde skulefritidsordninga blir vedteke i samarbeidutvalet ut frå lokale tilhøve og barnetal. Den enkelte SFO avgjer sjølv korleis tilbodet om deltid skal organiserast. Opningstid på den aktuelle skulefritidsordninga får de ved å ta kontakt med gjeldande skule.

Alle skulefritidsordningane har ope dei 190 skuledagane.

I tillegg er det tilbod om SFO i skulen sine haust- og vinterferiar, ei eller to veker i juni (etter at skulen tek ferie) og ei eller to veker i august (før skulen startar).Dette tilbodet vil bli lagt til skulefritidsordningane ved Brattholmen skule, Knappskog skule, Foldnes skule og Bjorøy skule. (Med atterhald om at nok barn melder seg på tilbodet.) Ferietilbodet er ope for barn frå alle krinsar. SFO på Hjelteryggen skule er ope for dei som går i spesialavdelinga ved skulen.

Påmeldinga er bindande.

Søknadsfrist er seinast 14 dagar før ferien.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen

Kriterium/vilkår

Eleven må vere busett i kommunen.

Pris for tenesta

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.
Skulefritidsordninga (SFO) er heimla i opplæringslova § 13 – 7, og i kommunale vedtekter.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Opptak kan skje gjennom året dersom bemanning og lokale tillet dette.

Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje

Søknad om plass skjer elektronisk og går til den enkelte skulefritidsordninga i krinsen.

Søknadsfrist til hovudopptak er 1. april.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til klage

Får du avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til den kommunale klagenemnda.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
09.03.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom