Google
Skriv ut print

Spesialpedagogisk hjelp til barn i førskulealder

Generelt

Omtale

Foreldre kan søkje om spesialpedagogisk hjelp til barn med plass i barnehage eller som er heime. Den spesialpedagogiske hjelpa skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet til barnet vert forsvarleg og best mogleg tilpassa barnet sine læringsbehov. Hjelpa skal også omfatta tilbod om foreldrerådgjeving. Hjelpa kan gjevast i barnehagar, skular, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller hjelpa kan organiserast som eigne tiltak. Hjelpa kan også gjevast av PPT eller ein annan sakkunnig instans. Opplæringslova brukar uttrykket ”spesialpedagogisk hjelp” i staden for ”spesialundervisning” som er uttrykket som vert nytta i grunnskulen. Ei slik hjelp kan t.d. omfatta lekotek-verksemd, trenings- og stimuleringstiltak og rettleiing til personalet i t.d. barnehagen.

Målgruppe

Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp.

Kriterium/vilkår

For å ha rett til spesialpedagogisk hjelp, må det liggja føre ei sakkunnig vurdering og tilråding frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Denne vurderinga må visa om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, og kva hjelp barnet bør få.

Pris for tenesta

Timar med spesialpedagogisk hjelp er betalingsfrie.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen pliktar å syte for denne tenesta, jf. opplæringslova § 5-7.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

For barn som har barnehageplass får ein søknadskjema om spesialpedagogisk hjelp ved å venda seg til styrar i barnehagen. Barnehagen kan også hjelpa foreldre/ føresette i samband med evt. kontakt med PPT. Søknadane frå barnehagane vert sendt til Barnehagesjefen i Fjell kommune. For barn som ikkje har barnehageplass vil PPT hjelpa til med søknaden. Barnehagesjefen gjer vedtak om tildeling av spesialpedagogisk hjelp, til vanleg i juni månad, etter at hovudopptaket til ledige barnehageplassar om hausten er gjennomført. Det kan også gjerast vedtak om spesialpedagogisk hjelp ellers i året, dersom det ligg føre sakkunnig vurdering og tilråding frå PPT. Melding om vedtaket vert sendt til kvar einskild søkjar og kopi til aktuell barnehage.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Søknadsbehandling

Det vert gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, eventuelt omfanget av tenesta og kva tenesta eventuelt omfattar.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Hvis vedtaket vert halde ved lag, vil saka gå vidare til klageinstansen, Fylkesmannen.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
03.09.2009
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom