Google
Skriv ut print

Spesialundervisning i grunnskolen

Generelt

Omtale

Elevar som ikkje har eller ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet gjev eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det samme totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.

Målgruppe

Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Kriterium/vilkår

Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei spesielle behova som eleven har. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som eleven bør få.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Eleven eller foreldra / dei føresette til eleven kan krevje at skolen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva for opplæring eleven treng.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Søknadsbehandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Hvis vedtaket bir halde ved lag, vil saka gå vidare til klageinstansen.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
05.08.2009
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom