Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Saksbehandlingstid
Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan én månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Søknadsbehandling
Kommunen avgjer søknaden om tilskott. Kommunen prioriterer søknader innanfor ein fleirårig tiltaksstrategi som kommunen utarbeider. Innvilga tilskott blir utbetalt etter skriftleg oppmoding frå tilskottsmottakar og når prosjektet eller tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Det kan utbetalast forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av prosjektet eller tiltaket er utført.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.