Google
Skriv ut print

Støttekontakt

Generelt

Omtale

Støttekontakt kan vere eit viktig tiltak i høve barn og unge med særskilde vanskar, funksjonshemma, personar med sosiale- og/eller psykiske vanskar.

Støttekontakt skal bidra til at dei som treng det, får hjelp og støtte til ei meiningsfull fritid gjennom sosialt samvær og deltaking på ulike aktivitetar. Støttekontakt kan vere organisert både individuelt og i gruppe.

I Fjell kommune vert støttekontakt nytta av psykiatrisk team, NAV, barnevern og støttetiltak funksjonshemma.

Kriterium/vilkår

Dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla, har krav på bistand. Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren bestemmer kva for tenester som skal gjevast, medrekna støttekontakt.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis. Brukar betalar sjølv eigne utgifter.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. helse- og omsorgstjenesteloven §§ 1-1; 3-1; 3-2. 6b.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegne, må vedkommande ha fullmakt. Søknadsskjema finn du her.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Søknadsbehandling

Det vil bli gjort eit enkeltvedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
06.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom