Omtale
Dersom du ønskjer å setje opp ein mindre støttemur, treng du normalt ikkje sende inn melding eller søknad til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad. Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørt av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.
Målgruppe
Tomteeigarar eller tomtefestarar
Kriterium/vilkår
Generelle vilkår:
- Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
- Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
- Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan
Særskilde vilkår:
- Støttemuren må oppfylle alle relevante byggtekniske krav, slik som trygging mot fallulukker (gjerde)
- Mur på inntil ei høgd på 1,0 meter må vere minst 2,0 meter frå nabogrensa
- Mur på inntil ei høgd på 1,5 meter må vere minst 4,0 meter frå nabogrensa
- Støttemuren må ikkje hindre sikta i frisiktsonar mot veg
Støttemur mot veg er søknadspliktig og kan krevje dispensasjon frå byggeliner, frisikt, osb.