Omtale
Tenesta skal gje deg ein lettare kvardag ved hjelp av tekniske hjelpemiddel. Hjelpemidla skal være med å betre arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet for personar med sjukdom, skade eller lyte. Hjelpemidla skal være nødvendige og hensiktsmessige og kompensere for manglande funksjon.
1. Hjelpemiddel
Hjelpemiddel som du kan låne frå kortidslageret:
- dusjstol
- arbeidsstol/kontorstol
- krykkjer - depositum
- manuell rullestol
- rullator
- toalettforhøgar med og utan armlene
2. Høyrselkontakt i Fjell
I Fjell kommune er det åtte høyrselskontaktar og ein hovudhøyrselskontakt. Brukarar som har høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel, kan få hjelp til opplæring, stell og vedlikehald av hjelpemidla. Høyrselskontakten sitt arbeidsområde er delt slik at to har ansvar på Fjell sjukeheim, ein på Straume bu- og servicesenter, to på Kvednatunet og tre er knytt til heimesjukepleien. Hovudhøyrselskontakten er bindeleddet mellom høyresentralen, hjelpemiddelsentralen og dei kommunale høyrselskontaktane.
Kontakt
Har du behov for høyrselstekniske hjelpemiddel eller hjelpemiddel kontakt ergo-/fysioterapitenesta
Ansvar
Når du låner tekniske hjelpemidler har du ansvar for:
- å få nødvendig opplæring
- føreta vedlikehald som vask og ettersyn
- levere tilbake hjelpemidla du ikkje trenger lenger
- gje beskjed om uhell og nesten ulykker
Reparasjon
Målgruppe
Personar med nedsett funksjonsevne eller har vore utsett for skade.
Kriterium/vilkår
Du må ha nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode. Ved kortvarig behov kan kan du låna enklare hjelpemiddel frå vårt kommunale hjelpemiddellager.