Vedlegg
Nødvendig dokumentasjon for å vise at vilkåra for å komme med i ordninga er oppfylt:
- utskrift som viser inntekt frå dei fem åra som inngår i referanseperioden
- kopi av tinglyst skøyte på at landbrukseigedommen er overdratt til ny eigar eller skriftleg oppseiing av forpaktningsavtalen
- skattekort
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Søknadsbehandling
Kommunen kontrollerer at søknaden er riktig utfylt og at alle vedlegga er med. Søknaden blir sendt Fylkesmannens landbruksavdeling for godkjenning og utbetaling. Statens landbruksforvaltning utbetaler pensjonen kvartalsvis.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Statens landbruksforvaltning. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Statens landbruksforvaltning.