Google
Skriv ut print

Tilskot frå Fjell ungdommens kommunestyre (UKS)

Generelt

Omtale

Ungdommens kommunestyre, UKS, har kr 50.000 å dele ut til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak retta mot ungdom i kommunen. Det er vesentleg at tiltaket er opent og tilgjengeleg for all ungdom i kommunen, jf. retningslinjer. Ta kontakt med UKS-koordinator Svein Ekrem, mobil 980 42 844 / e-post svein.ekrem@fjell.kommune.no, for meir informasjon.

Kriterium/vilkår

Søkjar må høyre heime i Fjell kommune eller ha hovuddelen av sitt virke her.

I søknadsskjemaet må de opplyse om følgjande:

  • skildring av tiltaket med søknadssum
  • kvar skal tiltaket finne stad
  • kven er målgruppa for tiltaket 
  • kva vil søkjar oppnå med tiltaket
  • finansieringsplan for tiltaket (inntekter og utgifter)


Sjå retningslinjer for meir informasjonRetningslinjer for tilskot frå Ungdommens kommunestyre i Fjell (PDF).

Om søknadsprosessen

Søknadsfrist

1. mai og 1. november.

Søknadsbehandling

Søknad må sendast inn elektronisk på eige søknadsskjema innan søknadsfrist. Ungdommens kommunestyre (UKS) vil deretter kalle inn aktuelle søkjarar til intervjumøte, slik at de får høve til å presentere tiltaket nærare.

Søkjar som får løyvd tilskot må gje skriftleg tilbakemelding etter at tiltaket er gjennomført og vise til korleis midlane er nytta.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
08.09.2009
Sist oppdatert:
28.03.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom