Google
Skriv ut print

Tilskot til statlege spelemidlar til idrettsformål

Generelt

Omtale

Spelemidlar til idrettsformål skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Kommunen gjev rettleiing og behandlar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv. Det kan søkjast om tilskott til

  • nybygg av idretts- og friluftsanlegg
  • rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • nærmiljøanlegg

Målgruppe

Kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, partslag eller andre samanslutningar kan søkje om tilskott av overskotet av spelemidla til idrettsanlegg.

Kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, velforeiningar, burettslag, partslag eller andre samanslutningar kan søkje om tilskott av spelemidlar til nærmiljøanlegg.

Kriterium/vilkår

Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det er ein føresetnad at organisasjonane gjev sine innspel i planprosessen i samband med kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet.

Samarbeidspartnere

Norsk Tipping står bak nettstaden www.spillemidlene.no

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Alle søknader skal setjast fram på søknadsskjema frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Kommunen kan hjelpe deg med søknaden.

Vedlegg

Søknadsskjemaet fører opp kva for vedlegg som må vere med.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen i fylkeskommunen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kultur- og kyrkjedepartementet er klageinstans over vedtak som er gjort av fylkeskommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til departementet.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom