Omtale
Ordninga skal vere med på å sikre og å setje i stand freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og virke langs kysten. Midla skal brukast til konkrete tiltak.
Målgruppe
I hovudsak private eigarar og forvaltarar (privatpersonar, stiftingar, styret i foreiningar/organisasjonar/sameige, frivillige organisasjonar og liknande).
Kriterium/vilkår
Ved fordeling av tilskott skal Riksantikvaren, ev. fylkeskommunen, innafor dei disponible budsjettmidla gjere ei samla fagleg vurdering av dei kulturhistoriske verdiane. Kva vil tiltaket ha å seie i forhold til målet med tilskottsordninga? Tilskottet blir fordelt etter den følgjande prioriteringa:
- tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
- tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det er få av
Bruk av tradisjonelle materialar, teknikker og handverk og opplæring og kunnskapsoppbyggjing er viktige grunnar for tildeling av tilskott. Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som blir sende dit.
Samarbeidspartnere
Riksantikvaren , fylkeskommunen og Norsk kulturminnefond