Google
Skriv ut print

Transportteneste for funksjonshemma (TT-kort)

Generelt

Omtale

Transporttenesta skal gje funksjonshemma som er avhengige av dør-til-dør-transport, eit tilbod slik at dei kan delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik line med befolkninga elles. TT-ordninga skal berre brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

Målgruppe

FunksjonshemmaInnbyggjarar i Hordaland som på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytta det offentlege rutetilbodet, kan søkje om å bli godkjent som brukar av transportordninga. Minstealder for å bli omfatta av ordninga er 9 år.

Kriterium/vilkår

Personar som på grunn av funksjonshemminga vanskeleg kan nytte det ordinære kollektivtilbodet i kommunen. Legeerklæring skal leggjast ved søknaden.

Pris for tenesta

Brukar må betale ein eigenandel for kvar tur på 25% av turprisen. Det resterande vert trekt av TT-kortet.

Samarbeidspartnere

Transporttenesta for funksjonshemma er eit fylkeskommunalt ansvar.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Denne tenesta er ikkje lovpålagd. Sjå kommunale og fylkeskommunale retningsliner. Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om TT-tenesta.

Vedlegg

Legeerklæring

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.Det er Hordaland Fylkeskommune som avgjer søknaden.

Send søknaden til

Fjell kommune, Omsorgssjefen, Postbok 184, 5342 Straume

Saksbehandlingstid

Hordaland Fylkeskommune, Samferdsleseksjonen, har plikt til å behandla saka så snrt som mogeleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan ein månad, skal du ah skrifteleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Søknadsbehandling

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Vi tek kontakt dersom vi treng fleire opplysningar. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt transportteneste eller ikkje. Ved tildelt teneste vil det gå fram kor lenge dette gjeld.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne hjelpe deg med å skrive klaga. Klageinstans er Hordaland Fylkeskommune si klagenemnd.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.01.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom