Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan ta kontakt med Servicetorget i Fjell Rådhus, for å få hjelp til å fylle ut søknadsskjema. Heimetenesta vil då ta kontakt med deg for å avtala heimebesøk.
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Send søknaden til
Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skrifteleg svar på årsaka til dette med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Søknadsbehandling
Det vil bli gjort eit vedtak der det går fram om du er godkjend for tryggingsalarm eller ikkje.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er anten Fylkesmannen (dersom tenesta blir gjeven etter sosialtenestelova) eller den kommunale klagenemnda. Før klagen blir send til klageorganet, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaksbrevet. Klaga sender du til den instansen som gjorde vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen kan hjelpe deg med å skrive klaga. Endeleg klageinstans er Politisk klagenemnd.