Google
Skriv ut print

Tuberkuloseundersøking

Generelt

Omtale

Tuberkuloseundersøking er ei pasientretta medisinsk undersøking som skal avgjere om ein person har tuberkulose, eller for å følgje utviklinga av sjukdommen. Denne undersøkinga utgjer ein del av tuberkulosekontrollen i kommunen, som har til føremål å førebyggje og kjempe mot tuberkulose. Alle kommunar skal ha eit tuberkulosekontrollprogram som skal
  • utgjere ein del av dei smittevernplanane kommunen er pålagd å ha
  • tilpassast forholda i kommunen med tanke på personar som er aktuelle i kontrollsamanheng
  • oppgje kven som har det faglege og organisatoriske ansvaret for dei tiltaka programma omfattar

Målgruppe

Tuberkulosekontrollen omfattar alle personar som oppheld seg i Noreg.

Kriterium/vilkår

For å førebyggje og kjempe mot tuberkulose har desse personane plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking:
  • personar frå land med høg førekomst av tuberkulose, som skal opphalde seg meir enn tre månader i riket og som ikkje er unntatt frå krav om arbeidsløyve eller opphaldsløyve, og flyktningar og asylsøkjarar
  • personar som kjem frå eller har opphalde seg i minst tre månader i land med høg førekomst av tuberkulose, og som skal starte i eller komme attende til stilling i helse- og sosialtenesta, i lærarstillingar eller i andre stillingar knytt til barneomsorg. Plikta gjeld òg personar under opplæring eller hospitering i slike stillingar
  • andre personar som det er medisinsk mistanke om er eller har vore i risiko for å bli smitta med tuberkulose
Ein person med tuberkuløs sjukdom pliktar å ta imot den personlege smittevernrettleiinga som legen gjev, for å motverke at sjukdommen blir overført til andre, og pliktar om nødvendig å la seg isolere.

Pris for tenesta

Kommunen har plikt til å dekkje alle utgifter knytte til gjennomføringa av tiltak i tuberkulosekontrollprogrammet som blir utførte av dei ulike ledda i kommunehelsetenesta. Dette gjeld òg utgifter som personar blir påførte for å oppfylle plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking. Ein kan ikkje krevje eigendelar.

Samarbeidspartnere

  • Helsesyster (utarbeider rapport om vaksinasjonar for elevar i 10. klasse i grunnskolen)
  • Kommunelegen (utarbeider og har ansvar for gjennomføringa av tuberkulosekontrollprogrammet i kommunen)
  • Spesialisthelsetenesta
  • Tuberkulosekoordinator
  • Helsetilsynet i fylket (fører tilsyn med gjennomføring av tuberkulosekontrollen)
  • Dei regionale helseføretaka (har det overordna ansvaret for det regionale tuberkulosekontrollprogrammet)
  • Statens helsetilsyn (har det overordna tilsynet med tuberkulosekontrollen)
  • Nasjonalt folkehelseinstitutt (har ansvar for drift og føring av tuberkuloseregisteret)

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Undersøkinga er ein del av dei smittevernplanane som kommunen er pålagd å ha.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du skal ikkje søkje om tuberkuloseundersøking. Kommunen skal sørgje for at undersøkinga blir gjennomført så snart som råd.

Saksbehandlingstid

Undersøkinga skal gjennomførast så snart som råd. Det er fastsett absolutte fristar om at
  • flyktningar og asylsøkjarar skal bli undersøkte innan fjorten dagar etter innreise
  • personar som skal starte i stilling i t.d. helse- og soisialtenesta, skal bli undersøkte før dei startar

Høve til klage

Det kan søkjast om fritak frå tuberkuloseundersøking. Eit avslag kan klagast inn for Fylkesmannen. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen. Vedtak om isolering som er gjort av smittevernnemnda, kan overprøvast av tingretten.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom