Omtale
Å byggje ein frittliggjande utepeis blir sett på som eit mindre, utandørs tiltak. Det vil seie at du normalt ikkje treng å sende inn melding/søknad til plan- og bygningsmyndigheita. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.
Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.