Google
Skriv ut print

Utsleppsløyve

Generelt

Omtale

Ein eigar pliktar å søkje den kommunale ureiningsmyndigheita om løyve til utslepp av avløpsvatn frå bustader, hytter, turistbedrifter og liknande med utslepp mindre enn 50 pe (personekvivalentar). For verksemder som berre slepper ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom det er innlagt vatn.

Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom (sanitært avløpsvatn). Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avløp frå kjøkken, bad og vaskerom. Klosettavløp er ikkje inkludert.

Målgruppe

Bebuarar og brukarar av bustader, institusjonar, campingplassar, hotell, næringsbygg og fritidsbustader som ikkje er knytta til eller kan knyttast til offentleg avløpsanlegg.

Kriterium/vilkår

Standardvilkåra går fram av forurensningsforskriften. Vilkår kan òg gå fram av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.

Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygt og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen gjev rettleiing om vilkår, forundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal mellom anna innehalde desse opplysingane:

  • om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i kap. 12 i forurensningsforskriften eller om det blir søkt om fritak frå krava
  • plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på kart
  • interesser som ein trur etableringa får følgjer for

Partar og andre som saka kan få følgjer for, skal ha varsel om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet sendast kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Send søknaden til

Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume

Saksbehandlingstid

Fullstendig søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krava i kap. 12 i forskrifta, skal avgjerast av kommunen innan seks veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort saka før fristen har gått ut, kan ein rekne med at løyvet er gjeve såframt det ikkje er nokon grunn til å tru at nokon av partane vil vere misnøgde med dette. Fullstendig søknad med krav som skil seg frå forskrifta, skal avgjerast utan ugrunna opphald.

Søknadsbehandling

Kommunen kan under søknadsbehandlinga fastsetje krav som skil seg frå kap. 12 i forskrifta eller nekte etableringa av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på ureiningsulemper samanlikna med dei føremona og ulempane som tiltaket elles vil medføre.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga sendast dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til klagenemnda.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
11.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom