Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Dersom du er vaksen eller ønskjer vaksiner utanom det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet (reisevaksiner, influensavaksine) kan du tinge time for vaksinasjon hjå fastlegen.
Alle barn og unge i alderen 0 – 16 år vil få tilbod om vaksinasjon etter det gjeldande vaksinasjonsprogrammet for barn og unge på helsestasjonen eller på skulen der eleven går, skulehelseteneste.
Høve til klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Vedtak etter smittevernlova kan klagast inn til Fylkesmannen.