Google
Skriv ut print

Vald/overgrep

Generelt

Omtale

Lurer du på om eit barn blir utsett for vald/overgrep?

Saker som handlar om overgrep mot barn er kompliserte og fagleg krevjande. Desse sakene blir ekstra utfordrande fordi dei ofte rører ved tabu og vanskelege kjensler hos folk. Derfor kan det vera nyttig å søkja råd og rettleiing så tidleg som råd, for å sikra at barnet får rett hjelp til rett tid.

Fjell kommune har eit rådgjevande tverretatleg konsultasjonsteam som gir råd/rettleiing i saker kor det er mistanke om at eit barn kan vere utsett for:

  • Vald/vitne til vald
  • Seksuelle overgrep
  • Kjønnslemlesting
  • Tvangsgiftarmål

Målgruppe

Alle som er bekymra for at barn/unge kan vera utsett for overgrep.

  • Dei som i kraft av sin yrkesutøving for eksempel lærarar, barnetilsette, helsesøster o.l.
  • Privatpersonar som foreldre, naboar osb.

Kriterium/vilkår

Konsultasjonsteamet har faste representantar frå:

  • Barne og ungdomspsykiatrien (BUP)
  • Barneverntenesta
  • Familievernkontoret
  • Helsestasjon
  • Kommunepsykolog
  • Politiet
  • Rettleiarteamet i Fjell

 

Barneverntenesta koordinerer arbeidet i teamet.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Konsultasjonsteamet kan hjelpe med

  • Gje rettleiiing i saker kor det er mistanke om at barn kan vere utsett for seksuelle og/eller fysiske overgrep
  • Koordinere det vidare arbeidet for å sikre at barnet får hjelp til rett tid og unngå feilgrep

Send søknaden til

Kontakt koordinator/konsultasjonsteam, Fjell kommune tlf. 55 09 60 00.

Saksbehandlingstid

Teamet har fast møtetid kvar månad. Utover dette kan teamet sine medlemmer tilkallast dersom det er behov for akutte drøftingar.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
19.10.2011
Sist oppdatert:
20.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom